Ellen Marie Hole – medfødt medlemskap på livstid

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Mai 2020

ALDER: 26

BUSTAD: Røa

YRKE: Matreddar i «Too Good To Go”

KLUBB: Velledalen IL


Ho gjekk vidaregåande
skule på Stranda, og fekk der sin andre heim hos Gitte og Terje Langlo. Som ein
konsekvens av tida der – og fotball for Stranda IL -
   har ho mange vener i indre fjordstrok. Det
sportslege høgdepunktet var 3.plass i Norway Cup (11-ar fotball) i klasse J 16,
bak Lyn og Åsane.

Ellen ber kallenamnet
Komo, og er sambuar med Anders Wigdahl og eit digert beist av ein katt, som
lyder namnet Konrad. Studietida brukte ho mellom anna i Bergen, til å studere
helse og kosthald. Om det er dette som har gjort henne raffinert i «matavegen» -
og med ganske einspora drikkevanar - skal vere usagt. Her er nokre moment som
kjærasten, Anders, meiner er typisk for Ellen:

 ·
   

 Spiser maks to mokkabønner til kaffien

 ·
   

 Liker å ha noe å gjøre konstant – er litt rastløs

 ·
   

 Drikkker helst «kaldevatn». Litt kaffi går bra, men
unngår alt med kullsyre.

 ·
   

 Hater å snakke om snittfart per km, puls,
konkurranser o.s.v

Ellen er disponent for ein stor hage på Røa, og prøver der leve u
 t draumen som hobbybonde. Ved sida av jobben som
matreddar i «Too Good To Go», vert fritida nytta til strikking, lesing av
romanar på nynorsk, kokkelering og trening.

Ellen har 15 Konradløp,
med bestetid på 19.34, på samvitet. 10 km-persen hennar er på 44-talet og ho
har fullført to halvmaraton i Oslo.

Ellen Marie
 Er Vørterøl favorittdrikken din?

Nei, likar ikkje
kolsyre.

Kva er favorittretten din?

Eg likar det
meste, men piggvar med nøttesmør er vanskelig å toppe. Også veldig glad i pasta
ai frutti di mare.


 Fortel kort om idrettskarriera di.

Tvang: Friidrett
og langrenn i unge år. Mest korte distansar og lengde. Spelt fotball for VRF,
Stranda og fire sesongar i Sandviken 2. divisjon. I seinare år har eg spelt
mindre fotball og meir futsal i 1. divisjon for OSI. Eg har og delteke i
futsal-EM. Har no gått over til å bli mosjonist, og tvingar meg sjølv til å
stille opp i nokre løp ila. eit sesong. Elles må 3. plassen i Norway Cup
nemnast, det var i 2009.

Korleis og kvifor medlem i Velledalen IL?

Medfødd medlemskap
på livstid.
 Når var du sist på ein VIL-trimpost?

Trimposten
skogsvegen Hjorthol og Holemarka i juleferien. (Journ. anm: Etter intervjuet
var gjort, har Ellen vore på fleire trimpostar.)
 Sportsleg mål for det neste året?

Bli meir glad i å konkurrere. Kanskje på tide med ny pers i
10 km. også?


 Favorittmusikk?

Eg brukar lite tid på å høyre musikk, men om eg får velje
setter eg på Lana del Rey, Veronica Maggio eller Tom Odell. Treningsfavoritt:
Sia – The Greatest.

  
 Kva likar du å sjå på fjernsyn?

Ingen klar favoritt, ser som regel det Anders ser
(overraskande mange jente-seriar). Må eg treffe fram ein blir det New Girl. Er
elles veldig glad i Løvenes Konge.


 Kor likar du best å feriere?

Noreg, eller alpane i Nord-Italia. Kan anbefale agriturismo!

  
 Har du eit treningstips å dele med lesarane?

Gå trappene og vel aktiv transport der det er mogleg.