Jorunn sprang virtuelt løp
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Mai 2020
Virtuelle løp er ei løpsform som er høgaktuell i dag, og kan bli
populært i tida framover. Konseptet går ut på at du spring i nærområdet der du
er, og registrerar det på nettet. Om ein har treningsklokke er det eit fint
hjelpemiddel til å logge turen. Du kan følge medløparane dine og heie på dei på
nettet, på mange måtar som i andre løp, utan å vere i fysisk kontakt med dei.
Med andre ord gull verdt i ei tid der ein helst skal halde avstand til andre.
Run Forest Run er eit slik løp som vart arrangert av Runners World ila.
dagen 10. mai, der du skal gjennomføre 5, 10 eller 21 km. på sti eller
skogsterreng. Jorunn tok fatt på oppgåva, og gjennomførte sitt løp langs
Fetvatnet i lett snøvprega terreng. Resultatlista er tilgjengeleg etter løpet,
men endrar seg naturlegvis etterkvart som folk registrerar sitt bidrag. «Det er
jo litt meir einsamt enn i andre løp, men ein fin måte å kome seg ut om du vil
trene for deg sjølv» sa Jorunn til VIL-nett.
Kjempeflott, og fint gjennomført, Jorunn. Vi oppfordrar andre til å
prøve det samme, åleine eller saman med din treningspartner!
NB! Vi veit at samme konkurranseform skal nyttast under motbakkeløp
komande helg (16. mai). Frode Mauren er ein av VIL sine deltakarar i Storhornet
497 på Godøy.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024