Frode Mauren – King of the road
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Mai 2020
BUSTAD: Vegsund
ALDER: 47
YRKE: Sjåfør for HI Giørtz
KLUBB: Velledalen IL
Truleg er Frode Mauren ein
av dei sprekaste storbil-sjåførane
i nye
Ålesund kommune. Og om han ikkje er det, så skal han bli det. I 2019 sette
den 184 cm lange løparen ny personleg
bestenotering i nesten alle løp han deltok i. 10 km eller halvmaraton spela
inga rolle. Ny pers vart det uansett. I motbakkeløp også.
Då Frode kom til
Velledalen IL frå Vegsund Racing, var han alt ein sunn mann. Han peisa mellom
anna innpå havregrynsgraut før alle krevjande løp. Men VIL sin
ernæringsekspert, såg at den kring 75 kg tunge utøvaren mangla den siste «finishen».
Difor tok han mokkabønner som kosttilskot kvar gong han stoppa ved Nærbutikken
i Velledalen. Kombinasjonen havregrynsgraut/mokkabønner vart såleis ein suksess-faktor.
Frode Mauren er
familie-mann med sambuar og to søner. Yngsteguten, Jonny, driv med skihopp, og er VIL sin fyrste gute-hoppar
etter Ståle Ødegård (krafthoppar tidleg i 1970-åra). Han er også mannen som har
rekruttert May Evy Nesheim inn i Velledalen IL. Og han køyrer rundt med fleire
svære VIL-logoar på privatbilen sin, og det er hans verk at nestleiaren i laget
gjer det same.
Frode Mauren sitt
engasjement for Velledalen IL er langt større enn folk flest – også dei som er fastbuande
i området. Han er ofte på skiturar i sykkylvsfjella, eller han kjem til
Sykkylven for å trene. Elles trenar han ein god del saman med Jan Ketil Vinnes,
to gonger Konradløp-vinnar. Og ingen har så mange plagg i VIL-kolleksjonen som
Frode, og ein slepp tvile på kva klubb den karen representerer når han er på
løp. Her er Frode eit føredøme!
Personar med engasjement
som brenn, og som står fram med det, er sterke personar. Frode er ein slik.
Held han seg skadefri vil han nå måla sine !
Frode
Er Vørterøl favorittdrikken din?
Nei, men det kan
drikkast i nødstilfelle. Favoritten til vanleg er cola utan sukker, men før
konkurranse er det ei boks cola med sukker som gjeld. Gjerne på deling med min klubbkamerat
Henning.
Kva er favorittretten din?
Wok eller kylling
og pasta er favorittar. Elles et eg veldig mykje havregryn.
Fortel kort om idrettskarriera di.
Eg dreiv med
fotball til eg var 12 år, før eg tok til med skyting, noko eg dreiv på med i 3-4
år. Etter det vart det 20 år der tida vart brukt til sofasliting og
motorsykkelkøyring. Først i 2008, som 35-åring, byrja eg med styrketrening og
motbakkeløping. Men forma var dårleg etter sofaligginga, så det var trening av
dårleg kvalitet. I 2012 var eg med i motbakkeløpet Skåla Opp, og det gav
meirsmak. Så var eg med i Varden Opp på Sula, og fleire andre løp, og forma var
stigande. Den gongen hadde vi eit lite løpsmiljø under namnet Vegsund Racing,
som opphaveleg var ein motorsykkelklubb, men etter kvar vart eg åleine. Dei
andre orka ikkje meir. Eg sleit dei ut, trur eg...
Korleis og kvifor medlem i Velledalen IL?
Eg vart kjend med
Henning på Nærbutikken i Velledalen, då eg leverte varer der. Vi fann vår
felles interesse for løp, og prata ofte om det når eg var innom. Ein dag
presenterte han meg for Atle og Alf Petter som var på vitjing i kaféavdelinga.
Praten vart bra, og kjemien stemte. Vi snakka same språket, om tid, fart,
trening, andre utøvarar osv. Så vart eg invitert med i Tomasløpet der eg møtte
opp og tok andreplassen, bak Kjell Magnar. Det var mitt siste løp som
klubblaus, sidan Henning overtalte meg til å bli VIL-medlem kort tid etter. Eg
følte meg velkomen i klubben, og har ikkje angra eit sekund.
Når var du sist på ein VIL-trimpost?
Har nok
forbetringspotensiale innan trimpostbesøk. Sist gong var Bruna under Tomasløpet
i fjor.
Sportsleg mål for det neste året?
1 t. 24 min. på halvmaraton og 36-talet på 10 km. Så vil eg
gjerne ha så mange klassesigrar som muleg. Så ønskjer eg å bli enda meir
«gær’n» i hovudet under løp.
Favorittmusikk?
Likar godt musikk frå 80-talet, både det tunge og det
rolige. Brukar ikkje musikk til trening – då er det full konsentrasjon.
Kva likar du å sjå på fjernsyn?
Når det gjeld seriar er Bonanza heilt konge. The Mountain
Between Us og Rambo 3 må nemnast som favorittfilmar.
Kor likar du best å feriere?
Har alltid likt camping i Sverige, men eg reiser kor som
helst. No drøymer eg om alpeferie i Sveits/Austerrike. Tyrkia og Hellas er også
greitt, men synast det er nok med ei veke.
Har du eit treningstips å dele med lesarane?
Det gjeld å trene variert og ikkje låse seg fast i ei
spesiell løype. Då stagnerer ein. Elles er kvile viktig!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024