Per Inge kommenterer 105 000 meters løpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Mai 2020
Med den skade-historikken
Per Inge har hatt siste åra må det omtalast som ei sportsleg bombe at han vart
med på dette stuntet – frå start til slutt. Her skildrar han det på ein fin
måte med eigne ord:
Eg fekk ein invitasjon frå Frode på onsdag, blir du med på laurdag?.. Onsdag kveld endra Frode løpsdag til fredag pga dårlegare meldingar til laurdag. Dette e galskap, tenkte eg. Eg har ikkje føter og treningsgrunnlag til å gjere dette, men lyst å hjelpe til, ja det hadde eg - i allefall i dei 2-3 første 7arane. Bjørn Arve blir med, ja han har eg følgt på Strava og veit eg er både seig og uthaldande, på lik linje som Frode, begge kan løpe langt- langt! Eg trente mi siste motbakkeintervall-økt her i Åsvegen onsdag morgon. Eg gru-gledde meg til løpsdagen. Starten gjekk greit, ok tempo, litt lågare enn det eg er vand med- men, delig i grunn. Ca 5,40 fart. Pulsen min låg rundt 115-125, kanskje kunne eg halde 5 stk? Frode var veldig positiv,dette går bra! Bjørn gjekk også over frå å vere litt usikker til å bli positiv til å holde kanskje 5-8 stk. I ein pause mellom 6-7 økta fekk Bjørn seg ein "nesten strekk" når han skulle knyte skolissa. Jaja, når får eg det skal tru? Vi oppmuntra kvarandre godt, hadde kjekk prat undervegs på øktene. Og det var veldig kjekt at andre løpere kom med undervegs. Då økt nr.10 var gjennomført, tenkte eg at 12 må eg no klare? Og 12 gjekk greit, kva med 13? .. Ingenting å sjå fram til .. Jo, ein til no så har eg 14 og det er då den nest siste, held eg ut 14 så veit eg at familien min kjem til å heie på oss 3 på den 15ande. Eg hadde verkleg vondt i venstre hofte i frå den 12, men både Frode og Bjørn kjende det også i kroppen etter så mange 7arar. Bjørn kommenterte at han "crusa og kosa-seg" frå den 11. Var Bjørn bort i ein "runners high"? Det var utruleg kjekt at familien kom på slutten av den 14ande. Eg visste ikkje at dei ville springe i lag med oss på heile den siste økta, men det motiverte veldig! For ein FANTASTISK følelse å stoppe på 21.43, nr 15 av 15 er gjennomført.
Tusen takk til alle som kom å prata med oss og deltok med løping, uansett kor langt ein sprang. Dette er ein dag eg legg i minneboka mi. Tusen takk til Frode og Bjørn Arve!
Dokk to hjalp meg og gav meg løpsenergi som eg ikkje trudde eg hadde i meg. EIN KNALLDAG!
Per Inge
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024