Aktive treningsdagar i Velledalen for OCR-paret vårt

    Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Mai 2020

    Men sjølv om Konradløpet
    vart avlyst, vart turen til Sunnmøre gjennomført.
     Dei kom torsdag kveld, og tok
    inn hos Asle Skoglund.
     Fredag klokka
    10.00 sprang dei Konradløypa. Kvasse 17.50 på Anette, medan Nikolai gjekk på
    ein skade mot slutten av løpet. Utan den ville han vore langt nede på 15-talet.

    Foreldra til Nikolai var óg med, og
    seinare same dag som løpet, tok dei trimpostane Velle-og Brunstadsætra. Laurdag
    handla dei tilreisande på Nærbutikken og Anette fekk prisen som årets
    idrettskvinne i VIL i 2019. Seinare laurdag gjekk dei Stikk-ut-turen til
    Hovdeåsen og åt pizza på Fjøla i
    Straumgjerde.

    Klokka 09.00 sundag morgon
    var ein fin gjeng på plass ved Lade Møbelfabrikk, klare for ei hardøkt opp til
    Svartevatnet. Temperaturen viste +2 og regn ved Lade, medan endepunktet hadde 0
    grader og kvit nedbør. Alle seks startande gjennomførte med stil, alle under 36
    minutt.

    Då stod berre dusjen,
    utsjekkinga og den lange heimturen til Fornebu att.

    PS. 1.mai helga var mange av Velledalen IL
    avdeling Aust, innom Velledalen. Rykta seier at ein av dei sette ny klubbrekord
    for handel på Nærbutikken