Forsvars-Konrad

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mai 2020

No er eg grensejeger i Kirkenes langs den
norsk-russiske grensa. Sidan vi ikkje har oppdragsperiode no, passa det perfekt
å dra med seg nokre soldatar på eit lite Konradløp.

Kl.0500 lava snøen ned ved Jarfjord Grensestasjon og
åtte jenter stod klare då startskotet gjekk. Løypa gjekk til Storskog, som er
den lovlege grenseovergangen mellom Noreg og Russland, og tilbake. Vi avslutta
sjølvsagt med felles frukost i messa, riktignok på annakvar stol.

For dei spesielt interesserte kan eg nemne at
Tromsø-Konrad blei gjennomført i år også. Emilie Brekke frå Sunnylven IL tok
sitt eige Konradløp på langrenn i dag tidleg kl.05.00

Emma Holmberg