Sterk kvinnetid av Anette

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mai 2020

Vi startar med Jens Thomas
Jensen i klasse M 65. Kom inn på fine 26.03 i sin fyrste test av løypa. Solid
av ein kar i 60-åra. Ville normalt sett vore mellom 100-130 av kring 300
startande.

Nikolai Handle Jensen var
på veg mot ei tid langt nede på 15-talet, men ganske kort før mål slo han opp
ein halvgamal skade.
 Som gjorde at han måtte rusle inn siste biten - til
22.27. Men før skaden melde seg, viste Nikolai at Konradløpet er løp for han.

Anders Wigdahl har 16.34 registrert som bestetid i Konradløpet, men har
vore raskare i mindre viktige løp som PåskeKonrad. Men 16.04 var lovande for
Anders, og beste tid i Korona-Konrad del 2, som vart avvikla under gode
forhold.

Anette Heimli Jokstad var
einaste kvinne i del 2, og ho skuffa ikkje. Ho gjorde unna sololøpet sitt på
17.50. Einast Kristine Hjellbakk Hole (to gonger) og Pernille Ibsen Lervåg har
sprunge raskare. Faktisk ville tida til Anette halde til siger i Konradløpet
alle år,
   bortsett frå 2016, 2017 og
2018. Pallplass ville det gitt kvart einaste år sidan starten i 2002.