Frode Hoprekstad gjer sportsleg stunt 1.mai
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Apr 2020
Frode skal springe….. og
han skal springe langt! Kanskje opp mot 100 kilometer. Det vert meldt frå
vanlegvis pålitelege kjelder at starten går frå badeplassen i Andestadstranda
klokka 07.00. Løypa er kring 7 km lang. Farta skal ligge ein stad mellom 5.30 - 6.00 minutt per kilometer.
Brukar Frode eksempelvis
40 minutt på fyrste runden, får han kvile i 20 minutt før han legg ut på neste.
Han startar på ny runde kvar time. Med andre ord; til seinare han spring, til
mindre kvile får han. Andre lokale løparar vil springe saman med han. Har vi
fått rett informasjon er det Per Inge Bjørnestad som skal fylgje han fyrste del
av løpet.
Heilt klart eit spanande
prosjekt – du held deg oppdatert på VIL-Nett!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024