Trimpostane: Bøe har fått luke på Vellesætra

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Apr 2020

Vellesætra plar vanlegvis
vere inne mellom topp-4 når det gjeld registreringar ved årets slutt. Det vil
posten truleg få problem med denne sesongen. Då meldaren vår, Anita Mosby
Nakken, skreiv sin rapport 23.april, hadde posten om lag 350 signeringar. Dermed
ligg Vellesætra langt nede på lista når drygt 50 prosent av sesongen er
unnagjort.

Anita har meldt inn desse
personane på topp-6:

60 turar: Alf Petter Bøe

36 turar: Arnhild Linga

27 turar: Inger Anne
Brunstad

25 turar: Kjell Skogvold

21 turar: Anne Britt
Hammer

20 turar: Torhild Skogvold

Ingen born/unge hadde
turar å nemne førebels.

Meldaren skriv vidare:

 -
   

 Dagens tur var
flott og kan anbefalast på det varmaste. Medisin for både kropp og sjel å gå
tur i slike omgivnader.

Det vert vidare meldt om
gode forhold på turruta. Berre litt snø i øvste bakken og på råsa opp mot hytta
(NB – for to dagar sidan).

Ein tur til Vellesætra gir
sju trimpoeng.