Over vørterøla-
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Apr 2020
ALDER: 45
BUSTAD: Ramsvika
YRKE: Rekneskapsførar hos
Sparebank 1
KLUBB: Velledalen IL
May Evy Nesheim har gjort unna sitt fyrste år i
Velledalen IL. Vi får vel seie at ho vart verva inn i laget av framgangsrike Frode
Mauren – Velledalen IL sin desidert største patriot «norda fjorden». Og ikkje
nok med det; i fjor sommar kom også May Evy sin tvillingbror, Ola Åge, som ein
solid tilvekst. Han sorterer til dagleg under Oslo-avdelinga.
May Evy har gjort det så bra i debut-året at det vart
fortent pris på henne under laget sin Idrettsgalla. Ho har hatt enormt mange
startar siste året, med gode resultat. Svært mange 1.plassar i klasse 40-44 år.
Bestetida på 5 km i 2019 var 21.24. Ho kom på 4.plass under NM i motbakkeløp
arrangert av Valldal IL (Mefjellet Opp). Og ho noterte 1.42.54 på halvmaraton i
Ålesund i mai 2019, etter eit jamt fint løp. Berre Pernille og Radka har
sprunge raskare for VIL siste åra.
Vi må også nemne at ho sette ein støkk i mange av
Velledalen IL sine mannlege deltakarar under Stranda Fjord Trail Race 2019. I
tøffe stigningar der fleire av vasellampene lyste på «dashborda» til mannfolka,
kom May Evy susande opp på sida og forbi, har vi fått meldt av VIL-kasseraren. Resultatlista
viser at May Evy vart nummer 14 av 91 fullførande kvinner på 25 km med tida
4.10.00. Kanskje det beste ho leverte i 2019. I alle fall;
ho formeleg pusta to av våre tapre menn,
Henning Tandstad og Alastair Brunton, i ryggen så å seie til målstreken.
May Evy er ein
tilvekst Velledalen IL er stolte av, og vi trur ho har meir inne enn ho hittil
har vist!
May
Evy
Er Vørterøl
favorittdrikken din?
Nei, vørterøl er nok ikkje favorittdrikken min. Det er cola!
Kva er
favorittretten din?
Favorittrett? Tja. Eg er altetande. Berre eg får i meg næring er eg
fornøgd og blid!
Fortel kort om
idrettskarriera di.
Har tidlegare spela fotball i omtrent 15 år og eitt år med friidrett.
Elles har det vore ski på vinterstid.
Korleis og kvifor
medlem i Velledalen IL?
Min kjære tidlegare nabo Frode (Mauren) var den som fekk meg til å bli
VIL-medlem i fjor. Det var ikkje vanskeleg å overtale meg då eg hadde møtt så
mange kjekke folk frå laget i tidlegare løp!
Når var du sist på
ein VIL-trimpost?
I august var eg på Koppen.
Sportsleg mål for
det neste året?
Det store målet i
2020 er å ta del i Skåla Opp og sette ny pers. 1 t. 50 min. er målet, og Svein
Nakken har lova og stille som hare. Elles har eg og som mål å fullføre eit
halvmaraton på under 1 t. 40 min.
Favorittmusikk?
Eg kan nemne
Coldplay, Highasakite, Rag’n Bone Man... Til trening blir det alt muleg med
litt fart i, til dømes Armin Van Buuren og Scooter.
Kva likar du å sjå
på fjernsyn?
71 grader nord og
Broen er to favorittar. Skal eg velje film så vert det nok ein thriller!
Kor likar du best
å feriere?
I fjellheimen i
Noreg. Ingen ting slår fjellet når vêret er fint! Kan godt ta to veker i
Tafjordfjella om sumaren.
Har du eit
treningstips å dele med lesarane?
Mitt treningstips er
å gjere trening ein likar, for då går treninga lett.
Og
variasjon er viktig!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024