Over vørterøla
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Apr 2020
Hei! Eg bur i Tromsø, flytta hit i fjor etter seks år i
Oslo. Eg jobbar som biolog i vårt nystarta firma Sállir Naturrådgivning. Meir
spesifikt er eg vegetasjonsøkolog, og driv med kartlegging av naturtypar og
artsmangfald, for å sikre eit godt grunnlag for vidare naturforvaltning. Jobbar
også med å lage skjøtselsplanar til bønder for å ta vare på kulturlandskapet.
På fritida går eg på ski – både flatt og litt bratt – spring og klatrar, heng
med vennar, lagar mat, strikkar, høyrer musikk og les bøker.
Broren Vegard:
Få med at ho er rastlaus og har ambisjonar for treninga.
Somme tider gjer ho så mykje av det at ho pådreg seg skadar etter for mykje/for
hard trening. Og til forskjell frå mora vil ho ikkje gå same turen dagen etter.
Ho er stadig på jakt etter nye turmål.
Nabo på Tandstad:
Ho har eit godt musikalsk øyre, og har etter det eg kan
fatte, anlegg for å lære seg instrument på kort tid. I tillegg syng ho reint og
fint. Denne musikalske biten har ho kanskje etter Simo-Geir, ein mann ho i stor
grad deler musikksmak med.
Nestleiaren i VIL:
Når ein kryssar ein mannleg landslagsspelar og NM-vinnar
i volleyball (Geir), med ei kvinne med 30-40 KM-titlar på ski og i lange løp
(Inger), ligg det i korta at sluttproduktet kan ha anlegg for sjukamp. Men ein
må stimulerast til og bli god, og kanskje vart Hilde nettopp det gjennom
Tandstadleikane, arrangert på ei mark i nærleiken av heimen.
Hilde har fem KM-titlar for Velledalen IL.
To på 800 meter, to på 400 meter
og den mest høgthengande; i sjukamp. Dette gjorde ho i perioden 2009-2012.
I siste del av tenåra altså, og i den perioden ho tok eit skuleår på Tingvoll.
Der hadde ho Magne Wullum – vidgjeten i heile kongeriket og meir til - som
trenar.
Tre kvinner/jenter har fem KM-titlar for
Velledalen IL. Det er alpinisten Ann Kristin Fet, Inger Anne Riksheim (fire i
langrenn og eitt i terrengløp i løpet av to år) og altså Hilde, med sine fem i
friidrett.
Hilde
Er
Vørterøl favorittdrikken din?
Nei, favorittdrikken min er ferskpressa
appelsinjuice.
Kva er
favorittretten din?
Eg er glad i spicy gryterettar og supper.
Indiske rettar med lam og naan-brød er også
veldig godt, og eg er svak for ein god pizza.
Fortel kort om idrettskarriera di.
Eg starta å spele
fotball då eg var 5 år, og heldt det gåande til slutten av tenåra. Då eg var
15, oppdaga eg at eg hadde meir talent for å springe enn å jage etter ein ball.
Starta derfor med friidrett, og etter kvart spesialiserte eg meg på
mellomdistanse, med 800 og 1500 meter som favorittøvingane. Mitt beste
idrettsminne er nok å bli krinsmeister i sjukamp. I seinare tid har eg sprunge
ganske mykje, men konkurrert lite. Det har blitt nokre gateløp, men eg har
brukt meir tid i fjellet og på klatring.
Korleis og kvifor medlem i Velledalen IL?
Veit ikkje kor
lenge eg har vore medlem, heilt sikkert sidan eg var ganske lita og var innom
idrettsskulen. Det var i alle fall naturleg å representere Velledalen IL då eg
starta å konkurrere i friidrett. Eit flott og aktivt idrettslag der ingen
prestasjon er for liten til å bli heidra.
Når var du sist på ein VIL-trimpost?
I juleferien var
eg på Bruna.
Sportsleg mål for det neste året?
No er det jo
usikkert kor mykje ein får konkurrert i år. Eg hadde tenkt å vere med på ein
løpskarusell i Tromsø, men vi får sjå. Elles er det å halde seg skadefri og
finne glede i treninga.
Favorittmusikk?
Eg høyrer mykje på
gammal musikk, og har Pink Floyd, Joni Mitchell, Janis Joplin og Jimi Hendrix
blant mine favorittartistar. Av nyare musikk er det mange flinke norske
artistar, t.d. Aurora, Susanne Sundfør, Ane Brun og Stein Torleif Bjella. Eg er
også glad i jazz og soul. Og hip-hop som er produsert i Hovdebygda. Eg høyrer
nesten aldri musikk når eg spring ute, men når eg trenar styrke set eg på ei
speleliste med disco og funk.
Kva likar du å sjå på fjernsyn?
No har eg nettopp
starta på Twin Peaks for andre gong, men veit ikkje om tør å sjå ferdig denne
gongen heller fordi det er so skummelt. Likte veldig godt serien A Handmaid’s
Tale på HBO. Elles likar eg dokumentarar om folk, kultur og natur.
Kor likar du best å feriere?
Her må eg vel
trekkje fram den nordlege delen av landet, som har mange skjulte perler som
turistane (heldigvis) ikkje har oppdaga enno. Vi reiser mykje rundt i
nord-Noreg med jobben, og eg kan røpe at Finnmarkskysten er vakker.
Av
utlandsreiser synest eg Algarvekysten i Portugal er fin, spesielt Sagres med
fin klippeklatring ved havet.
Har du eit treningstips å dele med lesarane?
Trappeløp er veldig
artig trening som er effektivt for både spenst, styrke og kondisjon. Finn deg
ei lang trapp, og jogg, spurt, hopp og hink til det brenn i lår og leggar!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024