94-åring på fotballfest i VRF

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Apr 2020

VRF-leiarane stussa fælt
då dei fekk påmelding av snart 94 år gamle Bernt Tandstad til årsfesten på
Hotel Leon i helga. Stussa gjorde også den yngre garde då dei møtte, for då
hadde gamle-lensmannen alt sessa seg.

Men Sykkylven sin eldste
nolevande mann hadde ikkje gått feil:

 -
   

 Eg dreiv mykje
med idrett i mine yngre dagar, så eg hadde hug på denne festen for å sjå
korleis ungdomen kosar seg no til dags. På Fet bur forresten ei kvinne som er
eldre enn meg, men ho er ikkje her.

Litt seinare overtok han
podiet til ståande applaus, og gav ei levande skildring av korleis han hadde
vore med og sikra grunn til Slettegjerde idrottsplass på 1930-talet:

 -
   

 I dette arbeidet
samarbeidde eg med Hesteavlslaget som på denne tida hadde mykje makt. Såleis
var det hesteutstillingar før, der kvinnfolka i dag spelar fotball. Du og du
kor tida har endra seg, slo han fast!

Til hemningslaus jubel
lira han så av seg alle tyske preposisjonane som styrer akkusativ og dativ, før
han avslutta med ei historie frå gamal tid.

Som vanleg vart ei rad
personar heidra for god sportsleg innsats. Ole André Fet var fråverande, men
vart heidra som «Årets spelar» og toppscorar. Randi Langeland vart «årets
Spelar» på damelaget, der Monica Thoresen fekk toppscorar-prisen. Vidare fekk
Ole André Fet, Lidvar Nilsen, Karl Inge Hole og Paul Magne Hole diplom for 200
spelte kampar. Jim Bøchmann og Geir Erstad for 100 kampar. Leiaren, Odd Jostein
Drotninghaug, vart også heidra for sin store administrative innsats, i eit godt
VRF-år.