Kronprins Håkon Magnus påmeldt i Konradløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Apr 2020
Og denne Svein Arne Nakken
kjenner alle. Det er langrennsleiaren i Velledalen IL. Og som slottet skriv, så
slo vår mann kronprinsen under Birken sist dei møttest der. Det er dette
nederlaget som no skal revansjerast – til og med på Svein si heimebane.
-
Ein raus gest av
kronprinsen, men kan ikkje akkurat seie eg er begeistra for tidspunktet. Midt i
hardaste lamminga. Men eg stiller sjølvsagt, seier Svein Arne Nakken frå
heimekontoret sitt i Gylet.
-
Men du kan godt
skrive at hadde eg fått valt, ville eg heller møtt denne «shamanen» til Märtha,
enn kronprinsen.
Friidrettsleiar i
Velledalen IL, Alf Petter Bøe, seier på si side at heile arrangementet heng i
ein tynn tråd grunna korona-virus.
-
Men kjem
kronprinsen vil vi strekkje oss langt for å få det avvikla. Då kan det til og
med bli aktuelt med enkelstart eller par-start. Kronprinsen og Svein i ein par-start
hadde gjort susen.
Kronprinsen ynskjer å bli
innlosjert privat i Velledalen under dette opphaldet. Kan nokon hjelpe
Velledalen IL med kost og losji, er leiar Ove Skylstad mannen å kontakte:
-
Ver merksam på at
dette opphaldet treng ikkje bli kort. Får vi lagt inn ei karantene på
kronprinsen, kan det fort gjort dreie seg om eit opphald på 14 dagar, seier
Skylstad, som kan dette med «turisme».
-
Han er enkel i
kosten og både Nærbutikken og Velledalen IL trør støttande til. Dessutan har
Kjell Magnar Berli lova å «fjølge kneleane» på Kronprinsen med saftige
fjellturar på dagtid. Han blir såleis ingen krevjande mann å ha i hus, trur
Skylstad, som gler seg stort til Konradløpet 1.mai.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024