Velledalen grendahus: Stengd for kroppsleg utfalding
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Mar 2020

Frå styreleiar i
Velledalen grendahus, Kristin Grebstad, har fylgjande melding tikka inn:
-
Kommuneleiinga
informerer oss om at – som eit smitteverntiltak – vert alle kommunale
symjehallar og gymsalar i Sykkylven stengde frå fredag 13.mars til 1.mai. Ber
om at dette vert vidareformidla til dei som treng vite dette i din
organisasjon.
Det betyr at aktivitetar
som badminton, ungdomstrim, innebandy og sirkel-treninga på onsdagar må ta
pause. Det betyr også at MiniKonrad ikkje vert arrangert 30. april som planlagt.
Ingenting er avgjort i skrivande stund, men dei fleste skjønar sikkert at
Konradløpet 1.mai også heng i ein syltynn tråd.
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024