Ung VIL-medlem vinnar i loddboka

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Mar 2020

«Så stas! Dette hadde ho ikkje frå før.»

Tea si mamma, Ingrid Tandstad, synast at premien var midt i blinken. No
får lille Tea med seg alt ho treng når ho skal reise på vitjing til
besteforeldra sine på Tandstad. Tea vann nemlig ein trillekoffert i
idrettslaget si loddbok, gitt inn av «gromtausene» Elsa Welle og Svanhild
Brunstad.

Tea var medlem i VIL allereie før ho var fødd. Ho kom til verda i
byrjinga av desember, men pappa Tomas betalte familiemedlemskap sommaren 2019.
«Vinnarlukke i så tidleg alder lovar godt for framtida» sa Tomas i ein
kommentar til VIL-nett.

Vi gratulerer Tea med braksuksess i si livs første loddbok-innføring!