Idrettsgalla: Alle prisane som vart delte ut
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Mar 2020
Årets mediestunt
Roger Malvin Hole sitt stunt på fjernsyn i 2018 trudde vi skulle noko
til å overgå. Men når Anders Wigdahl og Sverre Gunnar Brunstad stilte opp som
intervjuobjekt i Petter Northug jr. sin plass før HK-stafetten i 2019, gjekk
det likevel greitt. Karane smørde tjukt på, og Velledalen IL vart profilert i
norske fjernsyn med eit humoristisk innslag.
Nyskapingsprisen
Anders Wigdahl var ikkje til stades under gallaen, men stakk likevel av
med to prisar. Den andre saman med kjærasten, Ellen Marie Hole.
Nyskapingsprisen gjekk til paret sitt arbeid med arrangementet «Camp
Velledalen» sumaren 2019.
Kontigentkongar
Når Ivar Arne Flo og Jan Rakkotyai vart tekne opp på scena, visste dei
lite om kva dei to hadde til felles. Men juryen ville gi dei ein bukett for dei
rause kontigentbetalingane desse medlemmane har gjort siste åra.
Årets nykommar og årets gjennombrot
May Evy Nesheim og Frode Mauren fekk prisar for sine flotte
prestasjonar i 2019. May Evy var verva inn i VIL av Frode i mars. Frode var
nykommar i 2018, og fekk det store gjennombrotet sitt i 2019.
Gruppeprisen
Orienteringsgruppa fekk takk for arbeidet dei har lagt ned i året som
var. Pernille Ibsen Lervåg, Ann-Helen Hole og Hege Kanette Ørjansen Bårnes var
med å arrangere mange flotte O-arrangement; treningar, konkurransar og ei særs
vellukka kretssamling på Fjellsæter Ungdomssenter i hausten som var.
Ramstaddalsløpetprisen
Søskena Tuva og Teo Bårnes var dei yngste deltakarane i
Ramstaddalsløpet i august. Dei sprang kvar si etappe og fekk flotte capsar for
innsatsen.
Merkeprisen
Ei tårevåt utdeling av bukett til Anita Mosby Nakken for eit tøft 2019,
og for alt ho gjer for løparane i VIL, for gutane sine Andreas og Sivert, og
for mannen Svein Arne. Men merkeprisen går egentlig til Svein, som i fin stil
har gjort 25 Birkebeinerrenn, og fått merke i 20 av dei. Ein fantastisk
prestasjon! Juryen retta ei takk til Anita som stiller på og let Svein drive på
med det han likar så godt.
Idrettsmerke
Svein Arne Nakken fekk også ein pris av Nils Terje Skylstad for 15
idrettsmerker.
Trimpostvinnar
Inger Anne Riksheim fekk sin pris som vinnar av VIL sine trimpostar - ein suveren vinnar!
Comebackprisen
Det hadde gått ei stund sidan sist vi såg namna Jo-André Tandstad og
Per Inge Bjørnestad på resultatlistene. Jo-André har produsert born, og Per
Inge har hatt skadeproblem. Året 2019 kom begge attende for fullt og leverte
flotte prestasjonar i fleire løp.
Stå på-prisen
VIL-nett skriv stadig om den flotte framgongen til to av idrettslaget
sine mest aktive løparar, ungdommane Andreas og Sivert Mosby Nakken. Desse to karane
klatrar stadig oppover resultatlistene, og har no også fullført halvmaraton! Vi
gler oss til å følge med vidare.
Gir det han har, tar det han får-prisen
Velledalen IL har ein toppløpar i Kjell Magnar Berli. Han er ein av dei
beste fjelløparane i landet, og fekk vel fortent ein flott pris under gallaen.
Kometprisen
Mikkel Ibsen Lervåg imponerar juryen med sine mange
orienteringsdeltakingar. Han er ung, men held nivået til eldre utøvarar. Han er
ein ekte VIL-komet, som har framtida føre seg. Juryen fokuserte også på Mikkel
si evne til å inkludering i sporten; han får andre til å finne gleda i
orientering.
Ungt Mot-prisen
Tospannet Johan Fløttum Fauske og Tobias Ibsen Lervåg er allsidige
utøvarar som har operert mykje saman i året som gjekk. Heilt fortent fekk dei
sine prisar under gallaen.
Sensasjonsprisen
Hoppsporten døydde på mange måtar ut i Velledalen for rundt 50 år sidan.
Men no er endeleg laget representert på resultatlistene igjen. Jonny Mauren er
namnet på den unge skihopparen til Velledalen IL. Det set vi stor pris på!
Dugnadsprisen
Liv Nordli Hole stiller på kor det måtte vere for Velledalen IL. Det
minste ho kan få er ei gåve frå VIL sjølv om ho ikkje var til stades under
gallaen.
Heidersprisen
Atle Jomar Hole vart heidra under gallaen, for alt idrettslagsarbeid
han har gjort. Prisen var godt omtala i tidlegare sak – og i lokalavisa.
Trenarprisen og HK-prisen
Juryen ville rette ei takk til Alf Petter Bøe for sin innsats for
laget, og særlig som trenar i intervalltreningane som han arrangerar gjennom
året. Som friidrettsleiar er han og sentral i Holmenkollstafett-laget som
imponerte i 2019.
Nært og Nyttig-prisen
Nærbutikken Velledalen fekk sin pris. Butikken fungerar i stor grad som
klubbkontor for Velledalen IL, og er i så måte ein viktig støttespelar for
laget.
Støttespelarprisen
Radka Vosicka er ein stor støttespelar for andre. Alltid blid, og er
gjerne med i løp for å hjelpe andre med å fullføre. Ho er i tillegg ein sterk
ultraløpar som har levert flotte prestasjonar i lange, tunge løp – også
triathlon!
Maratonprisen
Njål Torillson Tyssing fekk pris spesielt for sin sterke klubbrekord i
maraton på tida 2:44:34!
Messeprisen
Myriam van Wunsel er i styret for Velledalen IL og fekk ein bukett og
takk for arbeidet med førjulsmessa som idrettslaget sin representant.
Skipperprisen
Ei takk retta mot Ove Inge Skylstad, leiaren i laget, og alt arbeidet
han gjer gjennom idrettsåret. Ein engasjert person med mange jarn i elden, og
held styring på VIL-skuta.
Årets utøvar
Atle Jomar Hole delte ut pris til Olaf Einar Øien som var årets utøvar
i VIL. Spesielt imponerande er dei 26 deltakingane i Nibbeløpet/Frå Fjord til
Fjell i Geiranger. Olaf er den einaste løparen som har vore med i alle utgåvene
av løpet. I tillegg til dette; massevis av deltakingar i lokale løp for
Velledalen IL.
Den kvinnlege utøvaren, hinderløparen Anette Heimli Jokstad, får sin
pris under Konradløpet 2020.
I tillegg til dette vart det retta takk til Sondre Bårnes for ein god
gallamiddag, jentene som var med i Ålesund Vinterkarusell, og sørga for stor
VIL-deltaking i desse løpa, samt dei ivrige «up and coming» søskena Mariell og
Andreas Naustenget som stiller på for idrettslaget.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024