To luringar på Idrettsgalla

    Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Mar 2020

    Vi trur korkje Jan
    Rakottyai eller Ivar Flo hadde nokon pris i tankane då dei melde seg på
    Velledalen IL sin Idrettsgalla. Men to av dei fyrste som måtte fram på podiet
    var nettopp dei.

    Og der røpa prisutdeler Henning
    Tandstad at Jan Rakottyai og Ivar Flo i fleire år hadde betalt kraftig overpris
    for medlemskapet sitt i Velledalen IL. Ein friviljug overpris, vel å merke.
    Slike karar kan alle lag og organisasjonar like. Jan tok ordet og sa han betalte ekstra
    fordi det var så rimeleg i Velledalen IL. Han kom til VIL frå bilrally-miljøet
    og var van med heilt andre summar der.