107 gjekk Barnas Fjellsæterrunde

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Mar 2020

Dei yngste tok kaka under
Barnas Fjellsæterrunde 2020. Då tenkjer vi deltaking. Born sju år og yngre,
mønstra heile 57 deltakarar. Aldersgruppa 8-16 år måtte nøye seg med 50. Berre
fire var 12 år og eldre, og fekk registrert tider.

Den raskaste rundt
Sætrevatnet var ikkje overraskande Steffen Mork frå Emblem IL i klasse 11 år.
Han har alt vore konkurranseløpar i fleire år, og er son av Velledalen IL sin
nest siste (Kenneth Fet er den siste) KM-vinnar i langrenn, Stian Mork,
oppflaska på Erstadbakkane. Steffen brukte 10.54 på runden. Svært gledeleg kom
VIL-gutane Johan Fløttum Fauske (11) og Tobias Ibsen Lervåg (10) på plassane
bak Steffen. Mikkel også sterk av VIL-gutane. Beste 12-åring mellom gutane vart
Olai Pileberg Valderhaug med tida

   17.13.

Dei to raskaste jentene
rundt vatnet var VIL-jentene Pernille Linga (12) med tida 14.42 og Sofie
Fløttum Fauske (9). Dei to siste som gjekk på tid var Ella Kanutte Hellebostad
Våtmyr og Hanna Kurseth. Ella brukte 20.12, Hanna 22.00. Med andre ord ei fjør
i hatten til jentene, som mønstra tre løparar på tid. Gutane berre ein……….

  

  

 Rennet viste gledeleg nok
at Velledalen IL visseleg har unge, ivrige talent på ski. I VIL- langrenn finst
det brei og god kompetanse på klassisk stil, mindre på fri teknikk. Skal dei
unge kome eit steg vidare må det satsast på instruksjon og trening. Faktisk er
det viktigare enn å arrangere renn, slik stoda er no.

 resultatliste her