VIL-trio gjekk Gaurhovdrennet
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mar 2020

Eigentleg skulle vi hatt fire utøvarar med i rennet, men
Sverre Jokstad måtte melde avbod grunna skade. Hinderløparane våre, Anette og
Nikolai, tok rennet som god grunntrening før sesongen som stadig nærmar seg. I
tillegg deltok far til Nikolai, Jens Thomas Jensen. Det blir rapportert om fine
plasseringar (1-2-2) i eit renn der forholda ikkje var perfekte. Mellom anna
tidvis frisk vind. Alle i trioen som gjekk Gaurhovdrennet
vert å finne på startstreken under Konradløpet
i Velledalen 1.mai. I det løpet vil vi tru både Anette og Nikolai er pallkandidatar.
I tillegg vil Anette under premieutdelinga få prisen sin som «Årets Utøvar 2019»
- ei helg og sjå fram til!
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024