Frå 1974: Sølvi Hole og Ove Skylstad best i trekamp

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Feb 2020

arkivfoto
Årsmøtet dette året vart
halde 29.september klokka 16.00 i Velledalen Skule.

Sitat frå møteboka:

 -
   

 Endringar i
hovudstyret: Reidar Bremerthun, som ved førre årsmøte vart vald til formann,
kasserar og skrivar, flytta for 2-3 mnd til Os, og dåverande nestformann,
Hallstein Aanes tok over formannsstillinga for resten av perioden. Kaspar Fet
kom ved same høvet inn som ny styremedlem.

Merk dykk dette godt folk:
Reidar Bremerthun, som kom til Velledalen i 1968, vart under årsmøtet i 1973
vald til formann (som det heitte då), kasserar og skrivar. Ikkje rart han
reiste her i frå når dei lokale «heltane» leid av slik verv-vegring!

Imponerande med dette
årsmøtet var frammøtet:

 -
   

 I alt møtte 24
røysteføre. I tillegg til dette talet var om lag 30 yngre medlemar til stades,
skriv årsmøte-referent Ole Petter Berge i møteboka.

VIL-årsmøtet for 2019
nærmar seg. 15 frammøtte vil vere eit pent frammøte-tal i mars 2020

Grunnen til det sterke
frammøtet mellom dei yngre var truleg ei premieutdeling mot slutten av
årsmøtet. 22.september 1974 arrangerte nemleg Velledalen IL klubbmeisterskap i
trekamp, med 22 deltakarar. Dei tre beste jentene og dei tre beste gutane fekk
medaljar under årsmøtet. Resultata vart slik:

JENTER:

Gull: Sølvi Hole – 2204 poeng

Sølv: Heidi Brunstad - 2066 poeng

Bronse: Eli Hole – 1981 poeng

GUTAR:

Gull: Ove Skylstad – 2063 poeng

Sølv: Kai Skylstad – 1827 poeng

Bronse: Pål Rune Fet – 1820 poeng

TREKAMP:
  Tre
øvingar, ei kvar i kategoriane: hurtigheit, spenst og kast.