Barnas Fjellsæterrunde 1.mars

Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Feb 2020

arkivfoto
 Her er nokre viktige fakta
kring Barnas Fjellsæterrunde:

PÅMELDING: Ved start på
fjellet frå klokka 11.45

STARTKONTINGENT: 60,- pr barn

START: Fellesstart klokka
12.30

STILART: Klassisk teknikk

LØYPE: Rundt Sætrevatnet

PREMIERING: Alle

FOR VAKSNE: Renn i
lysløypa med start om lag klokka 13.45 – distansar til skimerket.

Barnas Fjellsæterrunde er
for aldersgruppa 0-16 år. Det vert tidtaking på løparar 12 år og eldre. Løypa
rundt Sætrevatnet er tre kilometer. Dei aller yngste har høve til å gå ein
kortare runde.

   Etter dei yngste er ferdige, vert det renn
i lysløypa for personar 17 år og eldre.

Svein Arne Nakken, leiar i
VIL langrenn, presiserer at alle bør vere ute i god tid. Påmeldinga opnar
11.45, fellesstarten går 12.30 presis.



  -
   
   




 Kjem nokon for
seint får dei sjølvsagt gå løypa, og dei blir premiert på same måte som dei
andre, men det har neppe same sjarmen, meiner VIL-leiaren.

Rennet tel som fyrste renn
i Telenor-Fjellsætercup 2020. Dei andre renna i cupen er ikkje endeleg terminfesta
enno.