Idrettsgalla: Sterk duo fekk pris som årets nykommar og årets gjennombrot
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Feb 2020
May Evy Nesheim melde seg inn i Velledalen IL i mars 2019, og sidan den gongen har vi vore vitne til at ho har «herja» i lokale løp. Fleire gongar har ho funne sin plass på pallen blant damene og er longt frå framand med å vinne si årsklasse. Juryen nemnde tredjeplass i Saksaløpet (Urke) og Storehornet (Godøy) samt 14. plass av 91 fullførande damer i Stranda Fjord Trail Race sin 25 km. som høgdepunkt, samt fin framgong i karuselløp i Ålesund og sterk halvmaraton i sumar. Vi er stolte for å kunne gi denne prisen til May Evy.
Den som verva nykommaren inn i klubben, Frode Mauren, sluttar aldri å overraske og imponere. Giørtz-sjåføren, som tidvis køyrer varer til Nærbutikken i Velledalen, er opphaveleg motbakkeløpar, noko han framleis er sterk i. Men i seinare tid har han på imponerande vis arbeidd seg opp til å bli ein av Sunnmøre sine sterkaste asfalt-løparar. Her kan vi nemne Ålesund Nyttårsmaraton på 1:25:59 under krevjande forhold, 10 km i november på 37:21 og tredjeplass i Konradløpet på 16:30. Av motbakke- og fjelløpa nemner vi sterke gjennomføringar av Skåla Opp (Loen), Varden Opp (Langevåg) og det som kanskje var Frode sin største prestasjon personlig i fjor, Mefjellet Opp (NM) frå Fjørå som han fullførte på under timen!
May Evy og Frode er VIL-representantar av første klasse, og dei to løparane som er best på å uniformere seg korrekt i VIL-kle under løp.
Gratulerer – og til lukke i 2020!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024