Idrettsgalla: Prisdryss over idrettslaget sine unge utøvarar

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Feb 2020

Under Ramstaddalsløpet 2019 tok Teo Bårnes over stafettpinnen frå kasserar Henning ved «Fausaskiftet». I det han gjorde dette vart han, etter det vi veit, den yngste utøvaren til å springe for idrettslaget i 2019. Mamma Hege og barnehagefavoritt Anita (M. Nakken) var på plass der Teo skulle veksle. «Når du får pinnen frå Henning spring du så fort du kan og gir den til Tuva» fortalde dei. «Binna ‘ennin.» sa Teo gjentekne gongar. Han veksla så med søstra, Tuva. Ho sprang neste etappe som nest yngste i løpet og synast det var kjekt å vere med i stafett. Det var litt kjedelig å måtte gi frå seg stafettpinnen til neste mann. «Eg vil springe meir» sa Tuva. Juryen gav Teo og Tuva «Ramstaddalsløpetprisen» for dei flotte prestasjonane. Og ja; dei er klare for å vere med igjen i år. Arrangørane har lova Tuva ei lengre etappe.







Juryen bestemte også at «Kometprisen» går til Mikkel Ibsen Lervåg. Mikkel er ein aktiv gut som er god i mange idrettar, men som VIL-utøvar er det spesielt i o-løp han har levert imponerande resultat med tanke på at han i fjor var sju-åtte år. Ikkje nok med det; Mikkel er flink til å inkludere nye, og gjer det slik at andre også finn glede i orientering. Ekte idrettsånd!









Mikkel sin storebror, Tobias, har saman med Johan Fløttum Fauske vore eit slags «VIL-tospann» gjennom 2019. Løp, orientering, ski, fotball... Dette er allsidige karar i den komande generasjonen av VIL-representantar. «Ungt Mot-prisen» går til desse to for sin flotte innsats i fjoråret. Vi gler oss!









Så til ein ekte VIL-sensasjon. I Sunnmørsposten og på VIL-nett har det i seinare tid blitt skrive om hoppmiljøet i Velledalen frå tidlegare år, der det til kvar si tid var hoppbakke på Brunstad og på Hole. Mange sette ut for hoppkanten, og publikum møtte opp. Men tidene endra seg, og etterkvart tok det slutt for VIL-hopparane. Men no, rundt 50 år etter, har vi igjen eit ungt namn på resultatlistene frå hoppbakkane. «Sensasjonsprisen» gjekk under idrettsgallaen til Jonny Mauren for si deltaking innan disiplinen ski-hopp – og dette gjer han med VIL-logo på hoppskia. Takk, Jonny!









Til slutt gav juryen også ei merksemd retta til Mariell og Andreas Naustenget som var på plass under gallaen. Dette søskenparet ivrar etter å kunne vere med på VIL-arrangement. Det er spesielt innan orientering du finn dei springande rundt i terrenget med kompass og kart i hendene. Vi gløymer aldri Mariell sitt ynskje til å vere først ute med å prøve alt i hinderløparrangementet under fjorårets utgåve av Camp Velledalen.









Med andre ord; ei lysande framtid for Velledalen IL!