Anders Wigdahl gjekk Sjusjøen Skimaraton

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Feb 2020

Vinteren 2019/2020 har
ikkje vore spesielt god, noko som gjeld store deler av landet. Men denne helga
har det likevel tikka inn eit ski-resultat.

Det gjeld Anders Wigdahl
som laurdag 8. februar gjekk Sjusjøen Ski-maraton. Som namnet indikerer er
rennet på 42,2 kilometer – eit maraton med andre ord. Anders plasserte seg så «midt i laget» det
let seg gjere, med 19 løparar føre seg og 19 løparar bak seg i klasse 31-35 år.
Totalt av alle menn vart han nummer 196 av 483 fullførande.

Vår mann brukte 2.46.39 på distansen.
 Nokså nær Njål sin pers på føtene på same distanse. Vinnaren, Jørgen
Lippert frå Trøsken IL, brukte 2.09.48. Ei tid som ville løfta han fram til ei
framskoten plassering under maraton-NM til fots. Men der finst nordmenn som
spring raskare.

Vi håper på fleire ski-resultat
dei komande helgane.