Bladet «Runners World» skriv om Kjell Magnar

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Feb 2020

Det er Martin Andre
Kristoffersen som har skrive saka om Kjell Magnar i bladet. Flott tekst og
flotte foto. Innleiinga til artikkelen lyder slik:



  -
   
   




 Kjell Magnar har
gått mange skritt i sjukehuskorridorane. No spring han frå dei fleste
fjelløparane. Ikkje for å vinne, berre fordi han kan.

Elles seier Kjell Magnar i
reportasjen at han ikkje har planlagt konkurransar i sommar, bortsett frå
Stranda Fjord Trail Race. Der stiller vår mann på 100 kilometer. Den nye
distansen som har tak på 100 deltakarar.

Kjell Magnar har alt kome
på startlista. Med startnummer 722. Kan 722 bli vinnarnummeret…, i ei løype som
skal innom kjende, lokale stadar som Velle- og Brunstadsætra. Kjell Magnar er
heilt sikkert mellom svært få utøvarar som kjenner heile løypa. Han kjenner den
til og med særs godt. VIL-Nett trur Kjell Magnar i skadefri tilstand kan vinne
dette løpet på ein god dag. Ei kraftprøve vert det uansett!

Men han kjem ikkje lett
til det. Dei 103 påmelde i løpet kjem frå heile 14 nasjonar. Løparar vi veit
lite og inkje om. Nasjonane er som fylgjer:

Danmark

Sverige

USA

Storbritania

Tyskland

Russland

Nederland

Japan

Spania

Frankrike

Polen

Slovakia

Austerrike

Noreg

Vi nemner at Øystein «Pølsa»
Pettersen og Jon Hole Drabløs er mellom dei påmelde.