Vanskeleg konkurranse – Leif Karlsen vinnar

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Jan 2020

Fotoet som danne
grunnlaget for konkurransen var teke av Johan S. Grebstad i Brunstadbakken i
1962. Det viste ein topp-tung VIL-trio. Til venstre på fotoet står Edvard Hole.
Skihoppar, Hoppdommar og VIL-leiar i åra 1959, 1960 og 1975.

   Til høgre på fotoet står Jon Hjortdal.
Rennleiar i begge renna i Brunstadbakken og VIL-leiar i åra 1947, 1948, 1950,
1956, 1957 og 1958. Dessutan var han fotballdommar.

I midten står så mannen vi
ville ha namnet på. Røyken og strikkajakka kunne tyde på at Svein «Brellj»
Brudevoll var eit godt svaralternativ, men mannen som tippa det vart altså
ikkje premiert denne gongen. Men Leif Karlsen visste at rett svar var Elling Korsbrekke,
speaker både i 1962 og 1965. Og han var mannen som sytte for at 1962-rennet er
grundig dokumentert i møteboka til Velledalen IL