VIL har signert styrmann med vind i segla
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Jan 2020
Det er med glede at vi kan presentere enda ein ung vaksen
som har fått namnet sitt skrive inn i medlemsregisteret. Jørn Strømmegjerde har
i fleire år gått på skule saman med dagens kasserar, først ved Tandstad
borneskule, så ved Sykkylven ungdomsskule.
Som sjømann arbeider ein gjerne slik som Jørn, med fire
veker på sjøen og fire veker fri på fastlandet. Når Jørn er heime opererar han
mykje i vårt nærområde, då han har bustadadresse på Aursneset.
Arbeidstida gjer og at han har høve til å mosjonere saman
med VIL-kjenningar som også har skiftande arbeidstid. Han tok del i fjorårets
PåskeKonrad i Velledalen og 3000 meters-test på Ikornnes. Nyleg var han igjen
observert i idrettsparken, som VIL-medlemmar fritt disponerar. Litt seinare var
han observert saman med Team Bøe i trasséen til Konradløpet og i Nærbutikken si
kaféavdeling i etterkant.
Det lovar godt, Jørn! Vi håpar at du får positive
opplevingar sportsleg og sosialt i Velledalen IL, og er glade for å ha deg med
på laget.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024