Meir om mangekamp og Henrik sitt NM-gull
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Jan 2020
Mangekamp friidrett
utandørs for menn har ti
øvingar – 100 meter,
lengde, kule, høgde,400 meter, 110 meter hekk, diskos, stavhopp, spydkast og
1500 meter. Det vert konkurrert i to dagar, fem øvingar kvar dag i tidlegare
nemnde rekkjefylgje.
Mangekamp innandørs for
menn har sju øvingar.
Her har ein teke bort 400 meter, diskos og spydkast.
Siste øving er 1000 meter løp (1500 meter utandørs). Velledalen IL har motteke
eit eksklusivt bilete av NM-vinnar Henrik like etter målpassering på 1000
meter.
Henrik har gitt alt og rundt han
står «coach» og tidlegare NM-vinnar Lars Vikan Rise frå Team Brissach,
kompis/rådgjevar Sigbjørn Bøtun og mor og leiar i Vik IL friidrettsgruppe,
Ragnhild Fjærestad.
Som alle skjønar ligg det
mykje – og hard – trening bak ein slik prestasjon
Gratulerer nok ein gong
til alle som har hatt ein finger med i spelet!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024