Henrik Johan Holmberg NM-vinnar i mangekamp

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jan 2020

Faktisk er NM-vinnaren
VIL-medlem, utan at vårt lag skal sole seg i glansen av prestasjonen som vi
kjem tilbake til. Men vi gratulerer Henrik, støtteapparatet i Vik (Morten og
Ragnhild spesielt) og Trondheim, i tillegg til slekt og sympatisørar i ulike
deler av landet. For dei som ikkje veit det nemner vi at Henrik har
besteforeldre (John og Reidun ) i Velledalen og ei tante same stad (Aina
Petrine).

Så vidt vi veit er
øvingane færre og distansane kortare i dette innandørsmeisterskapet enn i
eksempelvis ein 10-kamp utandørs. Men dette skal vi få litt hjelp av Morten
med, før vi set noko som er feil på trykk.