Velkomen i det gode selskap, Ole Martin!
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jan 2020
Ole Martin syslar både med
fotball og løp. Frå og med 2020-sesongen skal han spele fotball for Sykkylven
IL og springe for Velledalen IL.
-
Skal bli kjekt å
kunne representere eit lag også i springing, seier Ole Martin i ein kommentar
til kasserar Henning ved innmelding.
Ole Martin spring fleire
motbakkaløp enn han spring flate. Siste åra har han ved fleire høve levert godt
i sprintløpet Koldabakken Grand Prix. Vidare har han delteke i lokale løp som
Tomasløpet og Konradløpet. I sistnemnde løp har han vore stabil på 18-talet,
med 18.09 som personleg bestetid i fylgje Lars Inge Sæther sin statistikk. Han
er alt påmeld i Konradløpet 2020. Det blir hans sjette, som betyr at han er
kvalifisert til Konradmedaljen i gull om han fullfører. Han kvir seg heller ikkje for å stille i
motbakkeløp av det tøffare slaget. Nibbeløpet i Geiranger og Saudehornet Rett
Opp i Ørsta kan stå som eksempel slike.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024