Overføring til Oslo-avdelinga
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Jan 2020
Ole Peder Holmberg er
identisk med mannen som flest gonger har sprunge kortaste etappen i
Holmenkollstafetten for Velledalen IL. No har Ole Peder flytta til Oslo for å
bli togførar. Så vidt vi veit eit yrke ingen andre VIL-medlemar har.
Vi håper Osloavdelinga kan
ta vel vare på Ole Peder. Og at han får rikt høve til å trene på spesialetappen
sin mellom slaga under togopplæringa.
Ole Peder har elles
markert seg som ein av dei beste med omsyn til å stille i korrekt VIL- antrekk.
Det vil han drage nytte av i den pågåande opplæringa. Stil og profil gjeld nok
også der.
Lukke til i hovudstaden, Ole Peder
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024