Ny Frode innmeld i Velledalen IL
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Jan 2020
FF-teamet : Frode nr 2 frå venstre
Om nokon synest kasserar
Henning Tandstad er ekstra blid om dagen; ja, så har det sin grunn. Kvar dag
får han innbetalingar av medlemskontingent for 2020. Somme av dei er nye
medlemar. Som Frode Hoprekstad. Han vi styrke Velledalen IL sin frå før sterke
stall utøvarar i alderen 40-60 år.
Litt om Frode Hoprekstad:
Han er medlem i
treningsgruppa FF-teamet. Dei to F-ane står for førenamnet til Fridtjof
Fredriksen og Frode Hoprekstad. I tillegg er tre blad Nakken med i gruppa
(Svein, Sivert og Andreas). Frode spring i klasse 50-54 år, som Roger Malvin Hole,
Svein Arne Nakken, Sverre Gunnar Brunstad og Alf Petter Bøe med fleire.
Flittigast er han å finne i resultatlistene på distansar som 10 kilometer og
halvmaraton (drygt 21 km).
2019 har vore eit
framgangsrikt år for Frode Hoprekstad. Frå å vere stabil på 44-talet i 2018,
har han vore 43-mann i 2019. Han gjorde 43.45 under Sommarkarusellen i Ålesund
og opna vinterkarusellen same stad med 43.57.
I mai 2018 fekk Frode
1.44.48 på halvmaraton i Ålesund i mai. Tidleg haust same år gjorde han 1.43.50
i Trondheim, før han glimta til med 1.38.51 i Ålesund Nyttårsmaraton den 30.
desember. I september 2019 pressa han tida ned til 1.35.37 i Trondheim og året
vart avslutta med 1.38.00 den 29.desember i Ålesund – under vanskelege forhold
med regn og vind.
Velledalen IL ynskjer
Frode Hoprekstad hjarteleg velkomen som medlem og til ei blømande framtid i
Velledalen IL.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024