37.15 på mila etter lang pause

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Jan 2020

arkivfoto
Kjell Magnar Berli har
ikkje konkurrert sidan juli 2019. Med andre ord ikkje sidan Hornindal Rundt,
der han vart nummer tre. Nummer tre med skade gjennom heile siste halvdel av
løpet, til og med.

Sjølv om han ikkje har
konkurrert sidan løpet i Hornindal, har han trena. Til og med trena godt.
Laurdag sprang han 10 km i Ålesund Vinterkarusell. Opningsfarta var god, men
det gjekk noko tyngre i siste del av løpet. Tida vart høgst akseptable 37.15,
som heldt til 4.plass i klasse 23-34 år.

Det vart ingen persar på
VIL-løparane laurdag. Forholda innbydde heller ikkje til det. Nærast
bestetidene sine frå tidlegare var Sivert og Andreas Mosby Nakken. Andreas fekk
44.46 denne gongen (bestetida hans er 44.21) på 10 kilometer, Sivert er for
tida stabil rundt 21 minutt på fem kilometer (21.12 laurdag – 24 sekund bak
personleg rekord). Både Sivert og Andreas vart klassevinnarar.

Klassevinnar vart også
friidrettsleiaren i Velledalen IL, Alf Petter Bøe. Han vann klasse 50-54 år på
tida 41.28. Henning Tandstad gjorde 44.19 på mila og vart nummer fem i den
harde 23-34 år klassa. Olaf Einar Øien var påmeld på 5 km, men fekk DNS bak
namnet sitt denne gongen.

Beste kvinne 5 km: Tone Dahl, 25.22

Beste herre 5 km: Espen Fredriksen, 18.30

Beste kvinne 10 km: Louise Skak, Danmark/Romerike Ultraløpklubb, 41.17

Beste herre 10 km: Aron
Dyb, Ålesund, 35.06

Andre lokale utøvarar:

5 km:

27.19: Kristian Johan
Ullavik, Ikornnes IL – nr 2 G 12-13 år

28.26: Irene Mork, Ekornes
BIL, - nr 1 K 45-49 år

10 km:

43.30: Fridtjof Fredriksen,
Sykkylven – nr 2 M 50-54 år

Det vert nytt karusell-løp
i februar. Då er det venta at VIL vil vise fram løpar-breidda si i full tyngde.