Sporty julegåver – del 2

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Jan 2020

arkivfoto
I Oslo vert arrangert noko
som heiter Oslo Wintherrun. Eit spektakulært løp i mørkret med hovudlykt og
piggar i skoa, om naudsynt. Arrangørdato er 1. februar 2020. Dette løpet har
vore høgt på Sivert og Andreas Mosby Nakken sine ynskjelister. Og denne
vinteren vert deltaking i hovudstaden ein realitet. Begge gutane spring 10 km,
medan mor Anita og far Svein tek kortaste løypa på 5 km. Svein går forøvrig
Steinfjellrunden på ski same dag, vert det meldt til VIL-Nett.

Meld fleire «sporty
julegåver» til:

atlehole@online.no