Sporty julegåver i vinden

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Jan 2020

Denne våren er det jubileum
for Sentrumsløpet i Oslo. 40 år er ein solid alder. Løpet vert arrangert
laurdag 25.april, og det er venta ein stad mellom 12 000 – 15 000 deltakarar.
Så vi kan love at Ikornnes-tausene Jorunn Kvalsund Jarnes og Anja Skram Eikrem
ikkje vert åleine i Oslo-gatene denne dagen. Og fint med ei gjennomkøyring seks
dagar før Konradløpet.

Henning Tandstad har enno
ikkje prøvt seg på halvmaraton. Men hausten 2020 skjer det. I København. Der
stiller han saman med Anders Wigdahl.

Veit nokon om andre VIL-medlemar
som har fått sporty julegåver, kan dette meldast:

E-post: atlehole@online.no