Jo Andre kapp-ror mot Olaf Tufte
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Jan 2020
Arkivfoto
To NM-deltakingar i løpet
av eit halvt år i to ulike greiner er ikkje vanleg kost av VIL-medlemar.
Men Jo Andre
Tandstad kan laurdag slå seg på brystet av den prestasjonen.
I sommar var han på plass under Mefjellet Opp som var NM i motbakkeløp
i Norddal kommune. Jo Andre var i unge år ein dyktig bordtennis-spelar. Så slo
han seg på løp. Bestetida i Konradløpet er 16.30 frå 2011, og i dette løpet sit
han på par-rekorden saman med kona Katinka. «Vonde tunger» vil ha det til at Jo
Andre fleire gonger har vore beste løparen i Konradløpet - vurdert etter
kroppsvekt.
Men no er det roing som
gjeld. Komande laurdag er det NM i romaskin i Ålesund. Rykta seier at Jo Andre
har trena kvasst på dette sidan oktober 2019. Totalt skal 250 utøvarar i aksjon
fordelt på 480 startar. Ein av dei er 43-åringen Olaf Tufte, norsk ro-legende
som enno held koken.
Vi veit ikkje kva distansar
Jo Andre stiller i, men uansett ynskjer vi lukke til i helga --- Velledalen IL heiar på deg!
PS. Eit foto av Jo Andre i
aksjon i helga hadde vore kjærkome, kan nokon skaffe det til VIL-Nett…?
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024