VIL treng medlemmane sine

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jan 2020

Vi er ferdige med 2019, og
har opna dørene for 2020. Kasserar Henning Tandstad følgjer spent med på
kontoen etter gamle og nye namn som stiller opp som VIL-medlem. Kasseraren
fortel at å stille på som medlem er problemfritt, og gjer at vi kan halde fram med
aktiviteten vi har hatt gjennom 2019.

Det skal løne seg å vere
medlem i laget. Til dømes gjennom sosiale trivselsaktivitetar som trimbingo,
fellesturar, trimtilbod innandørs i Grendahuset og utandørs som
intervalltrening, orientering, eller dei fjorten trimpostane vi har i bygda. Medlemmar
har fri tilgong til løpebana på Ikornnes, vi har flotte treningskle til gode medlemsprisar
- og ikkje minst har vi gleda av å kunne vere eit lag som heiar på kvarandre i konkurransesamanheng
både i eigen og i andre sin regi. Ein og anna medlem fær nok spørsmål om å
levere ei kake, kjøpe nokre vinstar eller forskjellige andre gjeremål i løpet
av året, slik det alltid har vore.

Prisane er som vanleg fine:

Born: 100,-

Vaksen: 200,-

Familie: 400,- (for 2 vaksne
og 2 born, og vidare 100,- i tillegg pr. born)

Den aller beste måten å
verte medlem er å betale kontingenten i nettbanken til kontonummer 4045.10.23537
og merke betalinga med «medlem», namn på medlem(mar) og gjerne fødselsdato. I
nettbanken er det ingen gebyr, så alle pengane går direkte til laget. Har du
ikkje vore medlem før kan det hende vi spør etter e-postadressa då
medlemsregisteret krev dette.

Vi ynskjer alle velkomen i Velledalen
IL!

Og du; ein
anna fin måte å støtte idrettslaget på, er å velje oss som Grasrotmottakar i
Norsk Tipping. Sjekk det ut neste gong du er innom ein kommisjonær.