Klubbmeteorologen

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Jan 2020

Januar ser ut til å
verte relativt mild, men i slutten av månaden, frå omlag 24./25., kan vi vente
oss skikkeleg nordvest storm og ein god del snø. Dette er ikkje til å
spøkje med her på Hole.

Februar ser ut til å verte ein relativt mild
månad med ein god del nedbør, mest som regn.

I storparten av mars, spesielt midt i månaden,
kan det sjå ut til å verte stabilt godt vinterver med klarver og lite nedbørDet
er vanskeleg å seie noko om temperaturen, men slutten av mars ser ut til å
verte relativt varm.

I Påska, som kjem midt i april, kan det verte
relativt mildt, og lett regn av og til. Slutten av månaden kan bli nokså
fin med turt ver, og truleg gode temperaturar.

Når vi kjem litt ut i mai ser det ut til å verte
kjølig og utriveleg ver. Slutten av månaden blir litt mildare, men noko
skikkeleg sommarver ser det ikkje ut til å bli.

Men frå ein av dei første dagane i juni, kanskje
rundt 5. juni kjem sommaren for fullt. Det kan sjå ut som mykje av juni
får godt og varmt sommarver.

Juli får segle sin eigen sjø.

Til slutt må seiast at dette halvårsvarselet ser
ut til å skilje seg ein god del frå det som skal vere normalt for dei ulike
månadane, så eg vil rå til å ikkje ta viktige avgjersler ut frå dette.

Når det gjeld
  Konradløpet 1.mai, ser
det ut til å gå i opphaldsver, men ut frå almanakken er det mykje som tyder på
at det vert nattekaldt, og at det difor er lurt å kle seg godt.

Vyrdsamt

Per-Gunnar Holmberg

Klubbmeteorolog(ein av dei) VIL