Grasrotspelarar i sykkylvs-idretten.

    Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Jan 2020

    Som vi ser av tala kjem
    Velledalen IL særs godt ut, med 11 grasrotspelarar i tilgang. Nærast kjem
    Hundeidvik IL med ni i tilgang, føre Sykkylven skyttarlag og Ikornnes IL som
    begge har fem i tilgang.

    Største idrettslaget i
    bygda, Sykkylven IL, har to i tilgang. Men det er verdt å merke seg at desse
    fyrst kom etter at FK Sykkylven vart bestemt lagt ned. På same måten som i 2018
    er det «utkantklubbane» som har den største framgangen i talet på
    grasrotspelarar.

    Her er tala ved årsskiftet:

    270 grasrotspelarar:
    Sykkylven IL (+2)

    175: Ikornnes IL (+5)

    148: FK Sykkylven (0)

    125: Hundeidvik IL (+9) 94: Velledalen IL (+11) 86: Sykkylven motocrossklubb (-3) 71: Sykkylven skyttarlag (+5) 39: Velledalen & Ringen FL (-1) 34: Sykkylven rideklubb (-3) 32: Sykkylven pistolklubb (0) 18: Sykkylven innebandyklubb (0) 15: Sykkylven sykkelklubb (0) 15: Sykkylven klatreklubb (-1)

    Komande året vil truleg
    tala endre seg mykje grunna FK Sykkylven sitt fall. Flesteparten av deira 148
    støttespelarar ved årskifte vil hamne i andre klubbar. Klart dei fleste av
    desse må ein vente finn vegen til Sykkylven IL.