Friidrettsleiaren vår suveren i Ålesund

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Des 2019

Distansen var halvmaraton,
arrangementet Ålesund Nyttårsmaraton. Naturleg nok spring Alf Petter stadig saktare,
i takt med aukande alder. Men mellom jamaldringar er han suveren. I alle fall
her lokalt. I mål var Alf Petter denne gongen fem minutt og 22 sekund føre
hardaste konkurrent, Øystein Bjørdal, IL Lauparen – som er idrettslaget i
Vaksvika.

Som vi ser av
resultatlista heng sykkylvingane Fridtjof Fredriksen og Frode Hoprekstad godt
med i klassa. Fridtjof har representert Sykkylven IL – friidrett i alle år
heilt fram til no, men løpet i Ålesund vart hans siste der. Frå årsskiftet er
denne gruppa nemleg historie, på same måten som FK Sykkylven er det på
fotballfronten. Fridtjof leverte eit solid avskilsløp til fin 3.plass. Frode
kom på plassen bak.

Resultat frå halvmaraton klasse M 50-54 år:

1. Alf Petter Bøe, Rindal
IL, 1.29.10

2. Øystein Bjørdal, IL
Lauparen, 1.34.32

3. Fridtjof Fredriksen, Sykkylven IL, 1.35.36

4. Frode Hoprekstad,
Sykkylven, 1.38.00

5. Kjell Bakkebø, Hopegna
IL, 1.38.47

6. Øyvind Vebenstad,
Bålfyrarlaget, 1.42.46

7. Oddbjørn Vad, Stordal
IL, 1.43.33

8. Pål Lampert, Romerike
Runners Team, 1.43.54

9. Jan Ove Bakke,
Sandefjord, 1.53.38

DNS: Tore Folland, Kårvåg