143 gjekk Romjulsmarsj 2.juledag

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Des 2019

Velledalen IL sin fyrste
Romjulsmarsj vart arrangert 2.juledag 1979. Etter det har marsjen vorte
arrangert kvart år minus eitt, då orkan og straumbrot stoppa arrangementet. Dei
beste åra samla marsjen godt over 200 deltakarar. Siste åra har talet vore
under 100. På den bakgrunn var 143 deltakarar under jubileumsmarsjen eit fint
løft.

Trimgruppa hadde gjort
litt ekstra ut av det denne gongen. Mellom anna med gratis marsipankake og
brus. Elles var det som alltid fint pynta, god mat og triveleg atmosfære i
kjøkkensalen.

Svært mange av dei
frammøtte høyrde til kategorien «utflytte», som var heime på juleferie.

Elles kom det deltakarar
frå ulike grendalag i Sykkylven kommune. Aldersmessig hadde vi deltakarar frå
0-90 år. Spenstig! 90-åringane gjekk sjølv, medan dei aller yngste vart trilla
i vogn. Det er med Romjulsmarsjen som teksten i julesongen: « tider skal komme,
tider skal henrulle, slekt skal fylgje slekters gang»……….

Truleg vil Romjulsmarsjen i
Velledalen

leve vidare