Konradløpet: Fyrste Konrad påmeld
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Des 2019
Jarle Konrad Fausa
debuterte i Konradløpet som 68-åring. Han vart gripen av «basillen», og har
vore ein trufast deltakar sidan. Han har alt meldt seg på til løpet i 2020 - eit løp som markerer mekanikaren sin 13. start.
Det spesielle med Jarle
Konrad denne gongen er at han fyller 80 år få dagar etter løpet. Kven skulle
trudd det… Og enda meir spesielt. Mannen vil vere mykje sprekare som 80-åring i
mai 2020, enn han var då han debuterte som 68-åring på
tida 28.51. Som 79-åring i 2019 sprang han på
tida 24.13! Fire minutt og 38 sekund raskare, i ein alder der normalt sett alt
skal gå tråare!!
Slike «gutar» likar vi - heilt og fullt i ånda til Konrad Brunstad
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024