VIL-Nett vitjar Osloavdelinga 14.desember
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Des 2019
Velledalen IL har som alle
veit to avdelingar. Ei på Sunnmøre og ei på Austlandet. Breidde-messig har vi
nok flest utøvarar på Sunnmøre, men utan å fornærme Kjell Magnar, må vi vedgå
at vi har flest toppar på Austlandet (eksempelvis Njål Torillson, Anette og Nikolai
som dei fremste).
Måla for turen er mange.
Mellom anna håper vi på positive rapportar på triathlon-utøvaren Kristoffer Selmer,
vi skal på trening med Oslo-avdelinga på Bislett og på konsert med Di Derre. Og
kanskje få ein alvorsprat med Jo Nesbø som saman med broren Knut - som
Molde-spelarar - slo VRF ut av NM-cupen på Dalemyra i 1981 (0-2). Om avstanden var stor mellom laga i 1981,
kan vi slå fast at den er monaleg større i 2019. Med Molde FK som seriemeister,
medan VRF har ståande ein plass i 5.divisjon Sunnmøre dei må ta stilling til.
-
Ha det, ha inkje,
brukte naboen min seie i sine velmaktsdagar.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024