Inger sitt 10-års tal på Bruna trimpost er 5 191
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Des 2019
Nils Terje Skylstad har
handla raskt. I går kveld kom e-posten som fortel kor mange turar Inger
Riksheim har til Bruna trimpost frå 2010-2019. Beste året (2011) gjekk ho 605
turar, svakaste 414 (2024). Totalt har ho 5 191 turar i denne
tiårs-perioden, eller 519 i snitt per år.
Rett og slett ein
formidabel prestasjon – ein prestasjon av ein slik art at store deler av folket
ikkje er i stand til å skjøne kor stor den er!
Her er tala for Inger sine turar, år for år:
2010: 555 turar
2011: 605 turar
2012: 572 turar
2013: 449 turar
2014: 414 turar
2015: 554 turar
2016: 483 turar
2017: 470 turar
2018: 520 turar
2019: 569 turar
Totalt 5191 i løpet av
tiårs-bolken. 519 turar i snitt.
Kjelde: Nils Terje
Skylstad, statistikk-førar Velledalen IL
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024