VIL-stand i julefabrikken – stikk innom

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Nov 2019

På VIL-standen
vert det loddsal (basarbok) med mange, og flotte vinstar. Vi nemner stol,
trillekoffert, barnegenser, pute, to kolonialkasser frå Nærbutikken, klubbklede
for 500 kroner, med meir. Halvparten av innkoma går til o-gruppa sitt arbeid
med nye o-kart i deler av bygda som enno ikkje har slike kart.

Elles kan ein
på VIL-standen melde seg på Konradløpet 2020. Alle som har meldt seg på innan
24. desember, vert med i trekninga av fine premiar. Og ein får kjøpt dei
populære peparkakene på pinne som alltid fanst på Førjulsmessa i tidlegare
tider. Rykta seier at der også vert jule-sild.

Gode
julegåve-kjøp finn ein i rabatterte klubbklede, huer frå langrennssportens
venner og camp Velledalen t-skjorter.

Velkomen innom julefabrikken på nedre Brunstad - ved Nærbutikken!