Bruna trimpost i Straumgjerde som vanleg best

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Nov 2019

I 2018 var Bruna trimpost
1086 noteringar betre enn Brunstadsætra trimpost på andre plass. I år var
avstanden mellom dei same to postane 1813 noteringar. Etter ein «dupp» under
4000 turar i fjor, var Bruna trimpost tilbake over den magiske grensa (4065) i
år. Her er tala for Bruna trimpost siste fem åra:

2015: 4482 noteringar

2016: 4144

2017: 4231

2018: 3786

2019: 4065

Topp-6 lista er imponerande lesnad:

1. Inger Anne Riksheim 569
turar

2. Jan Kåre Oterhals 383

3. Solveig Olsen 379

4. Ingunn Hunnes 324

5. Kjell Olsen 211

6 May Britt Østro 201

Som vi ser har det vore jamt om 2.plassen. Og for den som ikkje veit
det, kan vi nemne at Inger Riksheim er på «oppadgåande».
 470 turar i 2017, 520 i 2018 og 569 i 2019. Tal som
kan ta livsgnisten frå ein sofaslitar.

Då vart stoda mellom dei ulike postane i 2019 slik:

1. Bruna trimpost, 4065
noteringar (Inger Riksheim postvinnar)

2. Brunstadsætra, 2252 (Inger
Anne Brunstad)

3. Vellesætra, 1310
(Torhild Skogvold)

4. Riksheimdalen, 1197
(Ivar Arne Flo)

5. Sætreelva Holemarka,
1141 (Nils Terje Skylstad)

6. Skogsvegen Fet, 1081
(Grethe Ramstad Fet)

7. Myrdalsfjellet, 802
(Elling Hole)

8. Skogsvegen Drabløs, 668
(Annlaug Lervåg)

9. Skogsvegen Hjorthol, 485 (Ingrid Brudevoll)

10. Koppen, 461 (Ingrid Brudevoll)

11. Regndalen, 432 (Geir
Helge Grebstad)

12. Brunstadkølen, 248
(Veronika Ulriksen)

13. Høgsætra Fet, 102
(Anita Mosby Nakken)

14. Holetindane, 95 (Nils
Terje Skylstad)

KJØNNSKAMPEN:

Kvinner – Menn 9-5 ( ein
knusande siger til kvinnene, og deprimerande lesnad for mannfolka)