Sterk 10 km av May Evy
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Nov 2019
May Evy Nesheim kom inn i
Velledalen IL i «kjølvatnet» av Frode Mauren. Og for eit «kjøp». May Evy har
hatt ein kjempesesong – særleg siste del av sesongen har vore god. May Evy har
sprunge mest 5 km under karusell-løpa i Ålesund, men laurdag fleska ho til med
43.52 på 10 km. Vi nemner at sist ho sprang 10 km under vinterkarusellen var
11.november 2017. Då brukte ho 47.45. Altså fram nær fire minutt på to år!!
Vi er særs spente på om
May Evy stiller på halvmaraton i Ålesund 29.desember. I så fall skal ikkje
Pernille og Radka føle seg trygge for dei to beste klubb-tidene i laget. Vel å
merke om forholda vert gode.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024