Trimpostane: 802 noteringar på Myrdalsfjellet
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Nov 2019
Som vanleg vert det
trimpostpremie til Elling Hole også i 2019. Fordi han var trottigast på
Myrdalsfjellet trimpost med 134 turar i perioden oktober 2018 til oktober 2019.
I fjor gjekk han 143 turar, året før der (2017) gjekk han 140. Som betyr at
Elling Hole har 417 turar til trimposten på Myrdalsfjellet tre siste åra. Eller
at han stod for 16,65 prosent av turane til trimmålet i 2018, og 16,70 prosent
i 2019. Så Elling stig i prosent av totalen, sjølv om turane vart
ni færre i tal.
Myrdalsfjellet trimpost perioden 2
015 – 2019:
2015: 752 noteringar
2016: 849
2017: 906
2018: 859
2019: 802
Trimposten har ein stabil
gjeng trufaste vandrarar. Fire av dei fem på topp-5 stod på same liste i 2018.
Her er topp-5 i perioden oktober 2018 - oktober 2019:
1. Elling Hole 134 turar
2. Ingrid Brudevoll 60
3. Bjørg Frøystad Hole 40
4. Nils Terje Skylstad 17
5. Mari S. Leichty 16
Plasseringa mellom dei ulike postane i tidsrommet
oktober 2018 – oktober 2019:
7. Myrdalsfjellet, 802
noteringar (Elling Hole trimpostvinnar)
8. Skogsvegen Drabløs, 668
(Annlaug Lervåg)
9. Skogsvegen Hjorthol,
485 (Ingrid Brudevoll)
10. Koppen, 461 (Ingrid
Brudevoll)
11. Regndalen, 432 (Geir
Helge Greebstad)
12. Brunstadkølen, 248
(Veronika Ulriksen)
13. Høgsætra Fet, 102
(Anita Mosby Nakken)
14. Holetindane, 95 (Nils
Terje Skylstad).
KJØNNSKAMPEN:
Kvinner – Menn 5-3
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024