Få med deg Solveig si kunstutstilling
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Nov 2019
Opninga har alt funne
stad. Laurdag 2.november til musikalske innslag av naboen Åge Lade, og song av
systrene Solveig og Inger-Anne Hopland. Dei komande to vekene er det ope hus i
Holmbergs Gartneri i tidsrommet 10.00-19.00. Vi reknar med rett mange tek turen
dit.
I alle fall bør alle
VIL-medlemar gjere det. Solveig er nemleg VIL-medlem. Kjend som ein dugande
innebandy-spelar og framifrå premieleverandør til Konradløp og VIL sin
Idrettsgalla. Eller ved andre høve som åremålsdagar, konfirmasjonar eller
ekteskap. Men dei komande 14 dagane er det som kunstnar vi skal nyte verka
hennar.
Ikkje som premieleverandør.
Per-Gunnar og Evelyn
Holmberg sponsar utstillinga med lokale og straum. Flott gjort! Også ekteparet
Holmberg er VIL-medlemar. Difor oppfordrar VIL-Nett alle medlemar av laget om å
ta turen til Velledalen. For å sjå kva kunstnar og huseigar har fått til i
fellesskap. Nyskapande, spanande og vi vonar; vellukka!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024