4,27.50 på Jens Christian i Frankfurt
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Okt 2019

arkivfoto
Passeringstidene viser at
Jens Christian har opna kontrollert. Kring ti kilometer i timen på fyrste
halvdel, eller like i underkant av seks minutt på kilometeren. Halvmaraton vart
passert på 2.05.22.
Men uansett kor
kontrollert ein meiner det går, vil normalt sett andre halvdel svi meir enn
fyrste. Passeringstidene viser at Jens Christian har hatt sin svakaste fase i
løpet mellom 30-35 km. På dette strekket var snittfarta 7.17 per kilometer.
Truleg såg han mannen med ljåen, eller tilsvarande styggedom, på dette
tidspunktet.
Men heldigvis, «guten»
friskna til att mot slutten og leverte ei kilometertid på kring 6.20 på dei to
siste strekka. Slutt-tida vart 4.27.50 – ei tid å presse ned ved neste korsveg!
Her er Jens Christian sine passeringstider:
5 km: 29.37
10 km: 58.45
15 km:1.27.46
20 km: 1.58.08
Halvmaraton: 2.05.22
25 km: 2.32.04
30 km: 3.05.49
35 km: 3.42.10
40 km: 4.13.54
Mål 42 195 meter:
4.27.50
VIL-Nett gratulerer med
gjennomføringa!
PS. Alt tyder på at
påmelde Sverre Gunnar Brunstad ikkje starta
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024